Då mor mi hadde bursdag for ein månads tid sidan, gjekk eg i den lokale bokhandelen på Grünerløkka for å finne ei bok. Dette er ein liten bokhandel og han har ikkje særleg godt utval, unnateke når det gjeld mjukinnbundne bøker, der han har det meste av det som har vore på bestselgjarlistene, og nokre klassikarar attpå.Men eg fann éi bok.
Eg fann Sigrid Finne av forfattaren Marit Tusvik. Om forfattaren (Marit Tusvik) som skal skrive om mor si (Sigrid Finne) etter at ho er død. Det er ei særskilt historie ho vil skrive, og ho vil skrive henne på riktig måte. Men det er ikkje så enkelt å få dette til. Ho prøver heime, det går ikkje, ho reiser til Island og til Sicilia.
Eg gav kanskje denne boka til mor mi dels av ein egoistisk grunn. Eg tenkte at det kunne bli ein parallell der ein gong, ein dag. At eg (forfattaren) vil skrive om mor mi (mor mi), og at denne boka var ei vi kunne lese, begge to, og tenke oss inn i. Setje oss sjølve i ei fjern framtid inn i rollene til Marit og Sigrid, kanskje snakke om det etterpå, om boka, om oss, om å skrive om mor si, om å vere ei mor det vil bli skriven om. Men mor mi har gløymt å lese boka. Faktisk hadde ho forlagt henne.
Men då ho til slutt fann henne fram (ho var ikkje langt unna) la eg meg til å lese henne innimellom slaga med Song for Eirabu. Og sidan boka er velskriven, interessant, passe lang (omlag 200 sider) og lettlesen, gjekk det på eit par solarøkter.
Det er ei fin bok som har fått fine kritikkar. Det er ei historie om forfattaren, om skrivinga, det er ein metaroman, men det er også ei historie om Sigrid Finne. Ei historie eg forstår at Marit Tusvik ville fortelje.
Jeg ser på notatene i fanget mitt, side opp og side ned med ord nedskriblet i full fart. I mørket ligner de et barokt broderi improvisert etter et fastlagt mønster der vrangsiden skal være like fin som retten. Hvordan skal jeg greie det?
Kanskje ser hun min bekymring, for hun sier: Nå har vi kjent hverandre i hele ditt liv. Tror du at du noengang kommer til å omtale meg som en som var opptatt av å være nøyaktig?
Nei, sier jeg. Og så ler vi. Sammen. Og så begynner jeg å gråte fordi hun omtaler seg selv i fortid og fordi det er sant det hun sier, hun er det mest inkonsekvente og unøyaktige menneske jeg har kjent, og jeg, datteren hennes, skal ikke bekymre meg for bagateller på hennes vegne i en hellig stund som denne.
Nøyaktighet er for pedantene, sier hun. De engstelige, de som er redde for å bli tatt i små feil, de kan holde på med pirk (hun ler en søt liten latter) - du og jeg har ikke tid til å passe på sånt.






