- Ebba Haslund
I går gjekk altså opningsfesten i Litteraturhuset av stabelen, og det var ein flott ting å få delta på. Ifølgje usikre kjelder skal der ha vore omlag 1400 menneske i huset i går. Det var iallfall fullt og varmt, med mange spennande menneske å få auge på og lytte til.
Eg og Kristine deltok på to arrangement i Amalie Skram-salen, der vi tidleg kapra eit bord og blei sitjande og nyte billege forfriskingar og høyre på forfattarane.
Først var det ein samtale med Mia Berner og Ebba Haslund. Det var morosamt å høyre kva dei oppegåande, eldre damene hadde å seie om verda som har endra seg, og om å vere forfattarar og intellektuelle før og no. Ebba Haslund fortalte om korleis ho konsekvent blei titulert som Fru Ebba Haslund og ikkje verken med yrkestittelen forfattar eller graden cand.philol., medan mennene rundt henne var forfattar ditt og tittel datt. Mia Berner var jo som vanleg fullstendig kledd i raudt, med store, raude briller, noko ho har brukt sidan mannen hennar døydde for tjue år sidan.
I tillegg var det jo spennande kulturkjendisar å observere på alle kantar. Den første vi møtte var Frid Ingulstad, som kom samtidig med oss inn i huset. Ho sneik seg også inn og ut av dørene under intervjuet med Mia Berner og Ebba Haslund. Den andre var Jostein Gaarder, som stod i ei trapp og seinare i ein gang og prata engasjert, så håret rista. Deretter såg eg Kjetil Rollness, aka Jens Pikenes, for anledninga iført fransk kafeduk-inspirert rutaskjorte under den svarte blazeren, han var også og høyrte på dei to eldre damene. Det same var Vibeke Løkkeberg og Terje Kristiansen, iallfall sette dei seg på nabobordet vårt ei stakka stund mellom to arrangement.
Eg såg også Åsne Seierstad som snakka med Jostein Gaarder, Nils Ole Oftebro som kyssa ei korthåra, raudnande dame overstrøymande og uhemma over heile andletet midt i gangen, medan han utbraut "I don´t like you, I don´t like you" mellom kvart kyss, før han gjorde seg ferdig og uberørt gjekk vidare, noko kortare av vekst enn eg hadde venta. Eg såg Johan Harstad sitte i ein sofa og flette fingrar med ei dame, han verka litt mutt, kanskje sliten. Eg fekk diverre ikkje med meg opplesinga hans frå den nye romanen Hässelby. Anne Lindmo stod nede i baren i første og snakka. Jan Kjærstad stod i ei klynge på ein trappeavsats, smilande med dei litt for store, kvite tennene. Det same gjorde programleiaren i Bokprogrammet, Hans Olav Brenner. Eg møtte Iram Haq i ein gang, med ein halvliter i handa. Og Kristine såg Mads Ousdal, diverre ikkje eg.I tillegg var der mange pene, men for meg ukjende, litteraturmenneske. Sikkert ein del forlagsfolk, mindre kjende forfattarar og debutantar, samt litteraturelskarar av alle slag. Ein riktig vellykka kveld!

4 kommentarar:
Fin rapport. Har ventet på den. Kunne dessverre ikke være der selv, men har inntrykk av at "alle" var der.
Takk! Var absolutt ein fin kveld. Skulle gjerne vore lenger, men var for sliten og varm til å orke å halde ut heilt til the bitter end.
Hei, jeg prøvde å pinge deg fra min egen blogg, men Blogspot tar kanskje ikke imot pingbacks? Så da får jeg si fra direkte istedet: Fin post! Så jeg har dristet meg til å tipse om den borte hos meg :)
Nærmere bestemt her:
http://bharfot.wordpress.com/2007/10/10/kule-gamlinger-ebba-og-mia/
Hei, og tusen takk!
Eg er ikkje så inne på denne pinginga. Kanskje eg må aktivere det?
Legg inn en kommentar