Den første delen av sommarferien er over, og eg er tilbake i byen. Både eg og plantane er solbrente, og gråskapen som ligg over hovudstaden desse dagane høver godt til å sitje inne og skrive og lese.Størstedelen av tida på øya blei også brukt til å lese, men der på ei solseng i hagen. Aviser og bøker fylte gapet, deriblant (og hovudsakleg) debutromanen til Kristine Tofte, Song for Eirabu, som har fått mykje merksemd og mange gode omtalar allereie.
Det er eit stort epos og eventyr Kristine har skapt i dette første bindet av to, om verda før vår og verdsdelen Eirabu. Her har vi minnefolk og menneskefolk i nord, vi har Storhavet i midten, alvar i forbodne skogar i aust og ei krigersk stormakt i sør. Det går mot endetida for denne verda, og spådommar skal setjast ut i live. Lagnaden ligg tung over dei to unge søstrene Ragna og Berghitte, som skal bli ståande på kvar si side i den store krigen der makt og fridom står på spel. Ragna og Berghitte er døtrer av den umedgjerlege kongssmeden Sakse, og veit heilt frå dei er små at det kviler ein ukjent lagnad over dei. Mor deira, den lute og tunge Kjellaug, veit frå dei blir fødde at ho ikkje skal få behalde dei, og knyter seg mest til yngstemann Kjerald, ein stygg og underleg skapnad.
Året jentene er 14 og 15 år skjer det endeleg. Ragna blir henta til kongsgarden i Blåinn for å gå i lære hos blotgydja Okar, og Berghitte blir ei tid seinare sendt sørover til Syrren, for å bli dronninga til den aggressive krigarkongen Jorol, som freistar ta makta over heile Eirabu. For meg personleg er det Berghitte si historie og det som skjer i stormakta Syrren som er aller mest spennande. Boka har ein allvitande forteljar, og vi følgjer fleire ulike karakterar, noko som stort sett fungerer godt. Men det er Berghitte eg vil tilbake til, og historiene om klosteret, om guden i berget, og den kvite prinsessa i slottet. Eg vil vite meir om opphavet til søstrene, om lagnad og spådommar, om kva det heile betyr.
Historia er godt fortalt og byr på ein solid mytologi, basert på den norrøne, og eit solid oppbygd univers, vist på vakre kart teikna av forfattaren. Vi møter mange slags vesen, både menneskefolk og minnefolk, herduegane i berget, byttingar, alvar, gudar, verger og ei volve. Boka byrjar med ein prolog om volva Áma, som eg er glad forfattaren ikkje strauk, slik visse krefter ville ha henne til å gjere. Her slår ho an tonen, ikkje berre eksplisitt for forteljinga vi skal lese, men for det som ligg bak, det som styrer det heile:
Djupt nede i mørk mold som ein gong var ei myr, låg ei kvinne, svart av elde. Ho var kledd i ullkjole og kappe med bronsenål, og på føtene var leivningane av mjuke kalveskinnssko. Dei nakne armane låg falda kring ein seidstav av ask.
Lyset på gamlemyra var bleikt, og morgondisen strekte seg tynn over halm og pors heilt til kveldskulda krølla ny skodde fram mellom trestammene.
Det er eit stort og mangefasettert univers vi blir tekne med inn i, dette er ikkje noko lettvint spel på allereie etablerte storleikar. Historia er tidvis brutal, tidvis vakker og kjenslevar. Språket og stilen er stort sett forteljande, men der finst fine, poetiske passasjar og skildringar, noko som ofte kan vere ein mangel i bøker i denne sjangeren.
Kristine Tofte satsar høgt med denne boka, og etter mi meining lykkast ho. Eg ser fram til å lese meir av henne, og ser spent fram til å følgje forfattarskapen hennar vidare.

6 kommentarar:
Åh, så fint!
Vel fortent!
Alle blir glade av Eirabu. Det er så fint!
Har ikke fått kjøpt boka ennå, men kjenner at sitatene får meg til å skjelve litt. På en positiv måte altså.
Det høyrest veldig bra ut, Lille søster!
成人聊天室,中部人聊天室,免費視訊,視訊交友,視訊美女,視訊做愛,正妹牆,美女交友,玩美女人,美女,美女寫真,美女遊戲,hi5,hilive,hi5 tv,a383,微風論壇,微風,伊莉,伊莉討論區,伊莉論壇,sogo論壇,台灣論壇,plus論壇,plus,痴漢論壇,維克斯論壇,情色論壇,性愛,性感影片,校園正妹牆,正妹,AV,AV女優,SEX,走光,a片,a片免費看,A漫,h漫,成人漫畫,免費A片,色情網站,色情遊戲,情色文學,麗的色遊戲,色情,色情影片,同志色教館,色色網,色遊戲,自拍,本土自拍,kk俱樂部,後宮電影院,後宮電影,85cc免費影城,85cc免費影片,免費影片,免費小遊戲,免費遊戲,小遊戲,遊戲,好玩遊戲,好玩遊戲區,A片,情趣用品,遊戲區,史萊姆好玩遊戲,史萊姆,遊戲基地,線上遊戲,色情遊戲,遊戲口袋,我的遊戲口袋,小遊戲區,手機遊戲,貼圖,我的遊戲口袋,小遊戲區,手機遊戲,貼圖
Legg inn en kommentar