9. november 2009

Refererande refleksjon


Eg har lese Tredje person entall av Vigdis Hjorth, og sidan eg blei så begeistra over Hjulskift var eg førebudd på å ikkje bli like begeistra over denne romanen. Det blei eg ikkje, heller.

Det er fleire problem med romanen, slik eg ser det.
Det første eg vil nemne er at eg rett og slett ikkje synest han er særskilt godt skriven. Det kan sjølvsagt vere eit medvite grep frå Hjorth si side å skrive i ein annan (og etter mi meining dårlegare) stil enn "sin eigen", då teksten gir seg ut for å vere skriven av hovudpersonen, dvs. av ein person bak hovudpersonen, som presenterer ei form av røynda som forklarer den svært dramatiske situasjonen ho (både hovudpersonen og "hovudpersonen") har hamna i.

Eg opplever språket som slapt, stilen som uengasjert refererande, med ein distanse som fører til at eg som lesar ikkje klarer å leve meg inn i teksten. I tillegg er det for detaljrikt, for langsamt, for langt. Det blir kjedeleg. Likevel skumma eg einast éin gong, heilt mot slutten, eg la ikkje frå meg boka, men las henne ferdig, så der er openbert noko positivt her.

Dette ligg i refleksjonsnivået. Vigdis Hjorth er openbert eit svært intelligent menneske. Ho tek ting på kornet og er svært skarpsynt. Hjorth gjer noko så uvanleg og viktig som å nyansere biletet av alkoholisme, og spesifikt ei velutdanna, intelligent, ressursrik, ja endåtil attraktiv kvinne sin alkoholisme.

Når eg les denne boka tenker på alle dei flinke jentene.
Eg byrjar tenke på Nini Stoltenberg, som kanskje heller burde ha reist til ein kibbutz i Israel eller jobbe i ein bar eller kva som helst anna enn å vere så forbaska flink. Eg seier ikkje at det naudsynleg er farleg å vere flink jente. Dei aller færraste flinke folk blir synleg alkoholiserte eller narkomanar. Men kva med mørketala?

Eg seier ikkje at Hjorth gir ei tilfredsstillande forklaring på korfor det går til helvete med nokre av oss, flinke jenter eller ikkje. Men ho gir ei forklaring, ei historie, sjølv om ho er distansert frå lesaren og tidvis vag i sine antydningar.

Vigdis Hjorth får meg til å tenke, og eg liker å tenke. Ein gong i min ungdom dumpa eg ein fin fyr fordi han bad meg om å ikkje tenke så mykje. Ja, og så meinte han Mozart var den største komponisten i verdshistoria, og slikt kan jo som kjent ikkje gå ukommentert.

2 kommentarar:

Tehme Melck sa...

Skjønner godt at du dumpet ham, både hva tenkingen og Mozart angår.

Aina sa...

Vi er framleis gode vennar. Men vi snakkar ikkje så veldig ofte. Verken om tenking eller musikk.